Den elektroniske arkivplanen skal oppdaterast og ajourhaldast fortløpande. Driftssjef/kommunedirektør melder i frå til arkivleiar ved endringar og behov for oppdateringar.
Arkivleiar melder i frå til kommunedirektøren, når endringane er så omfattande at arkivplanen bør periodiserast og det bør gjerast nytt vedtak.
Oppdatering av arkivplanen skal blant anna skje når
- det skjer endringar i post- og arkivrutinar
- ein kommunal eining opprettar et nytt arkiv eller arkivdel
- det vert teken i bruk ny arkivnøkkel
- ein kommunal eining tek i bruk eit nytt datasystem for lagring av informasjon
- kommunale einingar blir lagt ned eller oppretta
- det blir lagt ned eller oppretta styre eller utval
- det blir gjort vesentlege endringar i kommunen sitt delegasjonsreglement
- kommunale oppgåver vert overført til verksemder utanfor kommunen
- arkivleiar avgjør ellers om det er behov for oppdatering av arkivplanen
Laster...