Hopp til hovedinnhold (trykk enter)
Arkivplan.no
Printer-ikon Utskriftsvennlig versjon

Innsyn

Personregisterlova § 7. Alle har rett til å få opplyst hvilke opplysninger om dem selv som lagres eller bearbeides ved elektroniske hjelpemidler. Denne innsynsretten gjelder likevel ikke registre som bare brukes til statistikk, forsking eller generelle planleggingsformål. Innsynsretten gjelder heller ikke opplysninger som det må anses utilrådelig at vedkommende får kjennskap til, av hensyn til deres helse eller forholdet til personer som står dem nær.

For personregistre i organ for stat eller kommune gjelder innsynsretten, slik den er avgrenset i første ledd, også for opplysninger som ikke lagres eller bearbeides ved elektroniske hjelpemidler. Den registrerte kan likevel ikke kreve å få se dokumenter som reknes som interne etter forvaltningslovens § 18.

For personregistre i organ for stat eller kommune har alle dessuten rett til å få opplyst hvilke typer opplysninger som er tatt inn i registeret.

Skriftelege innsynskrav blir registrerte i Acos WebSak på aktuelle saksbehandlar.

Alle kan krevje innsyn i kommunen sine saksdokument, journalar og liknande register jf. offentleglova §3 Begjæring om innsyn skal skje elektronisk eller pr. brev.  Arkivtenesta gir etter fullmakt publikum innsyn i arkiv i samsvar med reglane i offentlegheitslova (offentleg innsyn) og forvaltningslova (partsinnsyn). Arkivtenesta sendar dokumenta rekommandert dersom ikkje anna er avtalt. Ein skal ikkje gi innsyn i originaldokument og kopiering av dokument skal skje vederlagsfritt.

Kommunen har offentleg journal på internett som omfattar all korrespondanse til og frå kommuneadministrasjonen. Arkivtenesta skal dagleg kontrollere og publisere offentleg journal på internett. Den som ber om innsyn i arkiv, skal med hjelp av den offentlege journalen identifisere den saka vedkommande vil ha innsyn i. Vedkommande har rett til innsyn i alle dokumenta i saka. Sakshandsamar har ansvar for at opplysningar underlagt teieplikt er skjerma etter offentleglova.

Meirinnsyn:

Når det er høve til å gjere unntak frå innsyn, skal kommunen likevel vurdere å gje heilt eller delvis innsyn. Kommunen bør gje innsyn dersom omsynet til offentleg innsyn veg tyngre enn behovet for unntak. Avslag på innsynsbegjæring er å rekne som eit enkeltvedtak, og skal begrunnast med lovheimel. Det skal også opplysast om klageadgang. Førespurnad om innsyn i personregister og arkiv som er unnateke offentlegheit, skal vere skriftlege og gjere greie for kva arkiv, kva slags opplysningar ein vil ha innsyn i og føremålet med innsynet. Innsynsbegjæringane skal registrerast i sakshandsamarprogrammet.  Dersom ein person søkjer om innsyn på vegne av ein annan, skal det følgje med skriftleg fullmakt. Sakshandsamar evt. rådmann vurderer innsynsbegjæringar i sensitive dokument.

Sjølv om arkivmateriale er avlevert til Fylkesarkivet, er det kommunen som framleis eig det. Alle førespurnader om innsyn skal gå gjennom kommunen. Kommunen skal gje Fylkesarkivet tilstrekkeleg opplysningar til at ei rask igjenfinning av arkivmaterialet vert sikra. Fylkesarkivet sender tilbake mapper med rekommandert post, slik at kommunen kan vurdere innsyn i henhald til gjeldane lover. Arkivtenesta skal dokumentere alle typar eksterne førespurnader om partsinnsyn i arkivet.

Ein registrert person har, med visse unntak (jf. Popplyl. § 23), rett til å få innsyn i kva slags opplysningar som blir handsama om seg sjølv. Dersom ein tidligare klient eller elev ønskjer partsinnsyn i personregistre som er avlevert til Fylkesarkivet i Vestland, skal denne henvisast til arkivleiar i Bremanger kommune.

Eventuelle avslag om innsyn blir primært eit forhold som må avklarast mellom vedkomande person, arkivleiar i kommunen og Datatilsynet.

Laster...