Hopp til hovedinnhold (trykk enter)
Arkivplan.no
Printer-ikon Utskriftsvennlig versjon

Rutine for innkjøp i Bremanger kommune

Innkjøp

Tilsette som er involverte i kommunen si innkjøpsverksemd, plikter å setje seg grundig inn i innkjøpsreglementet, tilhøyrande lover og forskrifter og utføre innkjøpsarbeidet i samsvar med dette.

Alle innkjøp skal ha sitt grunnlag i vedteke budsjett, ev. politiske vedtak, herunder det til ein kvar tid gjeldande delegeringsreglement.
Alle administrative rutinar og skjema knytt til innkjøp skal ligge i kommunen sitt kvalitetssystem, Link til Kvalitetslosen.

Bremanger kommune deltek i innkjøpssamarbeidet for Nordfjord, Sunnfjord og Sogn (INSS) der Kinn kommune er vertskommune. Samarbeidet omfattar konkurranseutsetjing, inngåing og oppfølging av rammeavtaler for anskaffing av varer og tenester.
Innkjøpsavtalar som er inngått gjennom INSS finn du på INSS webside.
Link til INSS webside : http://www.inss.no/bremanger-kommune.580126.no.html

For tilgang, ta kontakt med innkjøpskoordinator

Før innkjøp av varer eller tenester skal bestillar alltid forvisse seg om Kommunen allereie har avtale eller rammeavtale sjølv eller gjennom INSS som dekkjer behovet. Dersom det er tilfelle, skal eksisterande avtale nyttast. For ev. spørsmål ta kontakt med innkjøpskoordinator.
Det er høve til å nytte eHandel

1. X-notat i websak med all dokumentasjon frå EU supply.
2. Avtalen med tilbydar skal registrerast i WebSak. Alle avtalar skal oppbevarast i avtalearkiv, arkiv legger over i avtalearkivet frå saka.
I utgangspunktet er kommunen sine dokument offentlege, men det er høve til å sjå bort frå
tilbodsdokument og protokoll til vald leverandør er gjort. Etter dette tidspunktet er
dokumenta offentlege, og ev. unnatak må ha særleg heimel i lovverket, t.d. bestemminga om
teieplikt etter § 13 i Forvaltningslova, eller ut frå omsynet til forsvarleg gjennomføring av
økonomiforvaltninga i kommunen, jf. Offentlegheitsloven § 23, 1. ledd.
God forvaltningsskikk tilseier at leverandørane skal få uttale seg om kva opplysningar dei meiner bør unnatakas offentlegheit.
3. Når kommunen deltek i konkurransar leia av andre kommunar skal kun anbodsdokument frå og avtale med vedkomande leverandør journalførast i websak.
4. Når kommunen gjennomfører eigne innkjøpskonkurransar skal alle tilbod journalførast i Acos websak, etter at anbodsfristen er ute og anboda er opna. Referat frå tildelingsmøte blir journalført i websak.
5. Tildeling og ikkje tildeling foregår i EU supply. Rapport frå EU supply blir lagt i websak.
Konkurransebidraga som ikkje vinn, vert kassert.

Laster...