Hopp til hovedinnhold (trykk enter)
Arkivplan.no

Arkivplan Bremanger kommune Versjon 3

Kommunevåpen

Alle offentlege organ skal til kvar tid ha ein ajourført arkivplan som viser kva arkivet omfattar og korleis det er organisert, jfr. arkivforskriften § 4. Arkivplanen skal og vise kva slags instruksar, reglar, planar mv. som gjeld for arkivarbeidet. I riksarkivarens forskrift § 1-1 om arkivplan er det beskrevet krav til innhald.

Hensikta med arkivplanen er at den skal vere Bremanger kommune sitt kvalitetssystem for arkivdanning og arkivforvalting, -eit viktig internt arbeidsreiskap og styringsverktøy.

Arkivplanen gjev bindande retningsliner for handsaming av all informasjon og dokumentasjon i Bremanger kommune. Tilsette på sentralarkiv og sakbehandlare i kommunen er forplikta til å halda seg orientert om arkivplanens innhald, og følgje dei retningsliner og rutinar som planen inneheld.