Den offentlege journalen skal innehalde alle journalførte inn og utgåande brev samt notat og saksframlegg. Graderte opplysningar er skjerma for innsyn. Arkivtenesta skriv ut postjournalen og kontrollerar journalopplysningane før publisering av journalen. To sjekkar registreringane, og ein tredje person sjekker postjournalen før den vert lagt ut på heimesida.
Postlista blir dagleg lagt ut på nett etter kvalitetssikring frå arkivet. Den offentlege postlista skal innehalde alle journalførte inn og utgåande brev. Graderte opplysningar skal vere skjerma frå innsyn. Postlista ligg tilgjengeleg på Internett i 90 dagar. Politiske saker og møteprotokoll blir lagt ut på kommunen si heimeside. Utvalssekretær må kontrollere at alle saker til politisk behandling er komen med. Graderte opplysningar skal vere unnateke offentlegheit, og alle dokument i sakene skal publiserast som fulltekst pdf-filer.
Avvik/publisering av taushetsbelagte opplysningar: Den som oppdagar at det ligg opplysningar på nett som er teiepliktige, skal snarast mogleg melde frå til arkivtenesta. Arkivtenesta skal umiddelbart utføre tiltak for å avgrense skaden.
Innsyn: Etter førespurnad frå media eller publikum vert offentlege dokument sendt direkte frå arkivet. Førespurnad etter dokument som er unnateke offentlegheit vert sendt sakshandsamar for vurdering. 1. Arkivtenesta gir etter fullmakt publikum innsyn i arkiv i samsvar med reglane i offentleglova og forvaltningslova. 2. Dersom det blir gitt avslag på krav om innsyn, skal avslaget grunngjevast med lovheimel. Ein skal også ta stilling til om ein kan gje innsyn i deler av dokumentet eller om heile dokumentet skal bli unnateke frå innsyn. 3. Ein gjev ikkje ut originaldokument, og elektronisk oversending er ein fordel, (opplysningar unnateke offentlegheit skal ikkje sendast som e-post) .Kopiering av dokumenta skal som hovudregel skje vederlagsfritt. (jfr. offentleglova §8 - sjå og forskrift §4) 4. Førespurnad om innsyn i materiale som er unnateke offentlegheit bør vere skriftlege og gjere greie for kva arkiv og kva slags opplysningar ein vil ha innsyn i. Dersom ein person søkjer om innsyn på vegne av ein annan, skal det følgje med skriftleg fullmakt. Alle typar førespurnader om partsinnsyn skal dokumenterast. Dokumenteringa skal skje i Websak. |